Mannen og måsene i Ålesund
Ein sommarkveld i Ålesund, juli 2023, fekk syster mi og eg denne naturopplevinga. Midt i Sjøgata på ein av benkene sit ein mann med måsar rundt seg. Han sa at han hadde hyggeleg selskap. Då ser vi at ein av måsane har tatt plass på hovudet til mannen. Mannen smilte og sat så stille han kunne for å halde på denne stunda. Eg måtte forevige dette og tok eit bilete.