Ukens fremmedart
pollpryd

Hver uke presenterer Naturfilmkanalen arter som er uønsket i Norge eller arter som er truet. Denne uken er pollpryd presentert.

Pollpryd nær Vardetangen kai i Austrheim kommune.

Pollpryd Codium fragile  (SE)

Pollpryd Codium fragile er ein makro grønalge som er klassifisert med svært høg risiko (SE). Arten er oppdelt i fleire underartar. I Noreg er underarten C. fragile subsp. fragile den fullstendig dominerande. Denne underarten høyrer naturleg til i det nordlege Stillehavet. Det første sikre funnet i Nordøst-Atlanteren er datert 1845 frå Irland. Gjennomgang av eldre herbariemateriale viser at den starta å spreie seg i Sør-Noreg på 1930-talet, og det eldste dokumenterte funnet er frå Hordaland i 1932. Den finst no opp til Vestfjorden og dette vert rekna som artens økologiske nordgrense under dei eksisterande miljøtilhøva.

Økologisk påverknad. Der pollpryd etablerer seg i tette bestandar vil den kunne fortrenge naturleg førekomande artar. Dette vil i størst grad kunne gjelde sagtang og sukkertare og artar som har økologisk tilknyting til desse.

Kjelde: Artsdatabanken

The last comment and 207 other comment(s) need to be approved.
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *